foto: frå ‘bakken’ på Hummerås, Hidra
NESET: SMYKKEVERKSTADEN draumestad for feisel i vaksne nevar, sprokne svaberg i havkanten på Neset samansydde av eruptivgangar av pegmatitt fulle i bårevaska halvedelsteinar, røykkvarts månestein solstein og meir men om kapp med sola i bekkebotnen ved sida blenker det skarpt i bronzitt, ferdig slipte frå naturens eigen smykkeverkstad forsvinn dei ned i småe barnekortbukselommer lukka kan vere hard- arbeid i stein eller òg ein glatt liten gnikkestein djupt i lomma til ein