foto: frå ‘bakken’ på Hummerås, Hidra
.
SKARVESKJÆR: MORELD sveitte barnenevar med nyvunne vabler i robåt ytst ved Skarveskjær dupper her, nesten aleine, om ikkje for måse og makrel Skagen i søraust, Lerwick i nordvest, dit rekk vi aldri med årer i kveld vassflata koker, makrelen jakter åte og blanke onglar mørkeret tar sikta, lyset fra Lista- fyren syner leia til land sprell levande makrel i trengsel mellom barneføter nattmaten berga, om tollepinnane held - - spegla i blanke barneauge, to åreblad lyser av moreld