foto: frå ‘bakken’ på Hummerås, Hidra
ODRESTEINEN: RUGGESTEINEN gjennom barneauge sett, verdas største ruggestein store steinen, ein av fleire øydsla om seg av breen ein gong, siktmerke i isforma landskap som påvaksne gigantiske regnspylte solturka vindslipte frølause steinalderbrødskalkar store steinen, ei sterk hand ruggar han lett men for å klyve steinen krevst óg ein til å lyfte ustøe barneføter - - slik eg, kledd i kartlav over ukjende kystar eg stemner imot, skal la meg rugge, bere barnet på rygg, den dagen eg sjølv ikkje lenger kan ligge på blankskura berg og stire til sola skin hól i restane av ozonlaget og i solomnen rugar av himmelis ein ny ruggestein