foto: frå ‘bakken’ på Hummerås, Hidra
NOMBO: FLATT HAV - bratt opp stien frå Rasvåg forbi Kvilesteinen halvveges, utsynet frå Hummerås-bakken havet breier seg mektig frå Lista-fyren til Åna-Sira Skagerak støtt i rørsle, slett ikkje i ro mellom oss og den kurva horisonten ligg eit flatbrød av eit skjer knappast bryt det vassflata ei bordplate av eit berg bårekvitpakka i brot og brenning - - dei gamle seier, ved stille hav kan Nombo stigast iland eg seier, når sist såg du havet flatt - ved fjære sjø, ved flod - eg seier, kva natt hadde tanken slik ro - når miste gauken sitt ko-ko - når sist såg du hauken sat og lo -