foto: frå ‘bakken’ på Hummerås, Hidra
HUMMERÅS: ANGEN AV SOMMAREN SEKSTISEKS hundedagar, kløe av mygg, fluger i glaset, solbrende armar, vepsestikk, blåmerka legger, kortbukser, oppskrubba olbogar - skorper på kne gjev status favorittklatretreet, hyttesnikring i storbøken, stintesnøre frå brygga, kasteboks i fra svaberget, robåt å låne mot eit parti sjakk, tåkeluren frå Lista-fyren, regn på bølgjeblekktak - kjelda i Kjøldel går aldri tom slåttevêret, graset, biesong, lyden av sommar, songen av langorv som kvesses, høybøra, angen av høy, hesjer, høysåter, lynet som råka han i skallen på veg med dagens siste bør - den, og dagen, blei hans aller siste høyløeleik, tunnellar i stikkande strå, sove i høyet, auge som klør, småbudeier i høyet, skjørt og tynne bluser, hopping i høy, luft- og annan akrobatikk - erotikk visste vi ikkje av moreld i sjøen, vabler i hendene, nymånesigd, eit hav av makrell, sløying av fisk, iltre terner, masete måsar, brattbakken heim, ange av bjørkeved og mjødurt - snart krøller makrellen seg i panna