Hummerås: Vandraren

foto:  frå ‘bakken’ på Hummerås, Hidra 

HUMMERÅS:
 
VANDRAREN 
 
tett heng det,
augustmørkret kring meg,
til tørk i trea

eglar seg innpå meg,
slik spindelvev
festar mot hud

et meg veg gjennom
morkne gjerdestolpar,
ved stidelet ligg tak
på skrås over fortapte
høyløer

eg rutsjar kvite bakkar
av liljekonvall, finn att
barndomsopenberringar
mellom klunger og
bjørnebærkratt

sklid gult over
berget på teppe
av bitterbergknapp,
vassar grønt og
ankelsidt i sisselrot

angen av mjødurt
salvar sjela og
meire til

listar meg lett
utanom rekkjene
av usagde andaktar

skimtar eit barndoms 
livsens hav av
moreld og makrell
Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s