Mitt bidrag nr. 3 av 5 i #poesistafetten –
tidl. publisert på DB’s Diktkammer nov. -13 v/ baanzoo
Om maur og berekraftig framtid spora i sanden er ikkje mine går ein annan veg blant kvist og grøne oreblad takkar eg mauren for framleis å arbeide for føda og fedre- landet og jordas bevaring gjennom ikkje å sleppe ut meir co2 enn han bruker i tua heilt utan innlagt vatn og hdtv lever han i berekraftig harmoni med seg sjølv og andre medan eg trasker vidare på leit etter el-kontakt til bilen og mi eiga berekraftige framtid ein stad mellom pensjonspoeng og skatteprosentar skal der óg ligge eit liv om ikkje blant spora i sanden reX
.