ODRESTEINEN:
RUGGESTEINEN
gjennom barneauge sett,
verdas største ruggestein
store steinen, ein av fleire
øydsla om seg av breen ein gong,
siktmerke i isforma landskap
som påvaksne gigantiske
regnspylte solturka vindslipte
frølause steinalderbrødskalkar
store steinen,
ei sterk hand ruggar han lett
men for å klyve steinen
krevst óg ein til å lyfte
ustøe barneføter
- -
slik eg, kledd i kartlav
over ukjende kystar
eg stemner imot,
skal la meg rugge, bere
barnet på rygg, den dagen
eg sjølv ikkje lenger kan
ligge på blankskura berg
og stire til sola skin hól
i restane av ozonlaget og
i solomnen rugar
av himmelis ein
ny ruggestein
Dette innlegget ble publisert i
Alle,
Prosadikt og merket med
hidra,
hummerås,
Odresteinen,
ruggestein. Bokmerk
permalenken.