SKARVESKJÆR:
MORELD
sveitte barnenevar
med nyvunne vabler
i robåt ytst ved
Skarveskjær
dupper her, nesten
aleine, om ikkje for
måse og makrel
Skagen i søraust,
Lerwick i nordvest,
dit rekk vi aldri
med årer i kveld
vassflata koker,
makrelen jakter
åte og blanke onglar
mørkeret tar sikta,
lyset fra Lista-
fyren syner
leia til land
sprell levande
makrel i trengsel
mellom barneføter
nattmaten
berga, om
tollepinnane
held
- -
spegla i blanke
barneauge, to
åreblad lyser
av moreld
Lik dette:
Liker Laster...
Relatert
Dette innlegget ble publisert i
Alle,
Prosadikt og merket med
hidra,
hummerås,
makrel,
moreld,
skarveskjær. Bokmerk
permalenken.