Hummerås-dagbøkene #5

NESET:
 
SMYKKEVERKSTADEN

draumestad
for feisel i
vaksne nevar,
sprokne svaberg
i havkanten
på Neset

samansydde av
eruptivgangar
av pegmatitt
fulle i bårevaska  
halvedelsteinar,
røykkvarts 
månestein 
solstein 
og meir   

men om kapp med sola
i bekkebotnen ved sida
blenker det skarpt i
bronzitt, 
ferdig slipte frå
naturens eigen
smykkeverkstad
forsvinn dei
ned i småe
barnekortbukselommer

lukka kan vere hard-
arbeid i stein
eller òg ein
glatt liten
gnikkestein
djupt i lomma
til ein

Om reXyz

årgang: 'sekstiåtter'
Dette innlegget ble publisert i Alle, Prosadikt og merket med , , , , , , , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s