NOMBO:
FLATT HAV ?
bratt opp stien frå Rasvåg
forbi Kvilesteinen halvveges,
utsynet frå Hummerås-bakken
havet breier seg mektig
frå Lista-fyren til Åna-Sira
Skagerak støtt i rørsle,
slett ikkje i ro
mellom oss og den
kurva horisonten ligg
eit flatbrød av eit skjer
knappast bryt det vassflata
ei bordplate av eit berg
bårekvitpakka i
brot og brenning
- -
dei gamle seier,
ved stille hav kan
Nombo stigast iland
eg seier, når sist
såg du havet flatt -
ved fjære sjø, ved flod -
eg seier, kva natt hadde tanken slik ro -
når miste gauken sitt ko-ko -
når sist såg du hauken sat og lo -
Lik dette:
Liker Laster...
Relatert
Dette innlegget ble publisert i
Alle,
Prosadikt og merket med
hidra,
hummerås,
Nombo. Bokmerk
permalenken.