Hummerås-dagbøkene #5

NESET:
 
SMYKKEVERKSTADEN

draumestad
for feisel i
vaksne nevar,
sprokne svaberg
i havkanten
på Neset

samansydde av
eruptivgangar
av pegmatitt
fulle i bårevaska  
halvedelsteinar,
røykkvarts 
månestein 
solstein 
og meir   

men om kapp med sola
i bekkebotnen ved sida
blenker det skarpt i
bronzitt, 
ferdig slipte frå
naturens eigen
smykkeverkstad
forsvinn dei
ned i småe
barnekortbukselommer

lukka kan vere hard-
arbeid i stein
eller òg ein
glatt liten
gnikkestein
djupt i lomma
til ein
Publisert i Alle, Prosadikt | Merket med , , , , , , , | Legg igjen en kommentar

Hummerås-dagbøkene #4

SKARVESKJÆR:
 
MORELD 

sveitte barnenevar
med nyvunne vabler
i robåt ytst ved
Skarveskjær

dupper her, nesten
aleine, om ikkje for
måse og makrel

Skagen i søraust,  
Lerwick i nordvest,
dit rekk vi aldri
med årer i kveld

vassflata koker, 
makrelen jakter
åte og blanke onglar 

mørkeret tar sikta,
lyset fra Lista-
fyren syner
leia til land

sprell levande
makrel i trengsel
mellom barneføter

nattmaten
berga, om
tollepinnane
held

- -

spegla i blanke
barneauge, to
åreblad lyser
av moreld
Publisert i Alle, Prosadikt | Merket med , , , , | Legg igjen en kommentar

Hummerås-dagbøkene #3

ONKEL HANS: 
 
MARKBLOMEMYSTERIA 
 
vi sprang tidleg ut
den sommaren,
likt med
markblomane
 
blåfjør
marihand
augnetrøyst
torskemunn
firkantperikum
 
maskeblomefamilien
skjermplanter
begerblad
kronblad
griffel
 
om han var gammal   
onkel Hans på Hummerås
blei dei aldri gamle
i nevane hans  -
markblomemysteria
Publisert i Alle, Prosadikt | Merket med , , | Legg igjen en kommentar

Hummerås-dagbøkene #2

HUMMERÅSBAKKEN:
 
KVILESTEINEN 

alltid var han styggbratt
gamlevegen til gards
men store steinen
halvveges i  
bakken til Hummerås
gjekk eg støtt
forbi

- -

no er det tida som
går meg forbi
usedd
medan Kvilesteinen
får røyne
baken
Publisert i Alle, Prosadikt | Merket med , , , | Legg igjen en kommentar

Hummerås-dagbøkene #1

KJERRAN:
 
ANGEN AV TID 
 
augustsommarnatta
fyller sansene,  
legg seg på minnet

tett ligg angen
langsmed nyevegen,
lufta meir enn mett

Kjerran flyt over 
med ange av mjødurt
og nykløyvd bjørk

- -

blomen blømde
veden brann  -
femti år sidan no

Publisert i Alle, Prosadikt | Merket med , , , , | Legg igjen en kommentar

Kvalavåg-hare

 

Ute på kveldstur

Til fotografens glede

Kvalavåg-haren

.

IMG_3210b

.

 

 

Publisert i Alle, Skråblikk | Merket med , , | Legg igjen en kommentar

Fargepaletten

 

Junikveld blir natt

Fargepaletten skrus av

På tide å dra

.

IMG_3036b

IMG_3075b

.

Publisert i Alle, Skråblikk | Merket med , , , | Legg igjen en kommentar

Månegull

 

Timen rundt midnatt

Mørket totalt junilyst

Månegull på vann

.

IMG_3037b

IMG_3039b

.

Publisert i Alle, Skråblikk | Merket med , , , | Legg igjen en kommentar

Rådyr-billigmat

 

Trær og eng i flor

Engsoleie, prima lunsj

Rådyr-billigmat !

.

IMG_2651b

IMG_2647b

.

 

Publisert i Alle, Skråblikk | Merket med | Legg igjen en kommentar

DK DB – finaledikt 05/13

Skilte lepper

leppene dine
tett inntil
.
foldes vart
sammen,
legges i
skuffen 
.
nattbordet
smiler tilbake
http://www.dagbladet.no/2013/06/10/kultur/litteratur/diktkammeret/skolekammeret/dikt/27597651/
på trykk i papirutgaven av Dagbladet 20.06.13.
Publisert i Alle, Prosadikt | Merket med | Legg igjen en kommentar