HUMMERÅS:
ANGEN AV SOMMAREN SEKSTISEKS
hundedagar,
kløe av mygg, fluger i glaset, solbrende
armar, vepsestikk, blåmerka legger,
kortbukser, oppskrubba olbogar
- skorper på kne gjev status
favorittklatretreet,
hyttesnikring i storbøken, stintesnøre frå
brygga, kasteboks i fra svaberget, robåt å
låne mot eit parti sjakk, tåkeluren frå
Lista-fyren, regn på bølgjeblekktak
- kjelda i Kjøldel går aldri tom
slåttevêret,
graset, biesong, lyden av sommar, songen av
langorv som kvesses, høybøra, angen av høy,
hesjer, høysåter, lynet som råka han i skallen
på veg med dagens siste bør
- den og dagen blei hans aller siste
høyløeleik,
tunnellar i stikkande strå, sove i høyet, auge
som klør, småbudeier i høyet, skjørt og tynne
bluser, hopping i høy, luft- og annan akrobatikk
- erotikk visste vi ikkje av
moreld i sjøen,
vabler i hendene, nymånesigd, eit hav av makrell,
sløying av fisk, iltre terner, masete måsar,
brattbakken heim, ange av bjørkeved og mjødurt
- snart krøller makrellen seg i panna
Dette innlegget ble publisert i
Alle,
Prosadikt og merket med
hidra,
hummerås,
sommeren sekstiseks. Bokmerk
permalenken.