GPS med kart
Papirkartet i sekken
Moltekart.. Kartlav..
.
.
HUMMERÅS: VANDRAREN tett heng det, augustmørkret kring meg, til tørk i trea eglar seg innpå meg, slik spindelvev festar mot hud et meg veg gjennom morkne gjerdestolpar, ved stidelet ligg tak på skrås over fortapte høyløer eg rutsjar kvite bakkar av liljekonvall, finn att barndomsopenberringar mellom klunger og bjørnebærkratt sklid gult over berget på teppe av bitterbergknapp, vassar grønt og ankelsidt i sisselrot angen av mjødurt salvar sjela og meire til listar meg lett utanom rekkjene av usagde andaktar skimtar eit barndoms livsens hav av moreld og makrell
HUMMERÅS: ANGEN AV SOMMAREN SEKSTISEKS hundedagar, kløe av mygg, fluger i glaset, solbrende armar, vepsestikk, blåmerka legger, kortbukser, oppskrubba olbogar - skorper på kne gjev status favorittklatretreet, hyttesnikring i storbøken, stintesnøre frå brygga, kasteboks i fra svaberget, robåt å låne mot eit parti sjakk, tåkeluren frå Lista-fyren, regn på bølgjeblekktak - kjelda i Kjøldel går aldri tom slåttevêret, graset, biesong, lyden av sommar, songen av langorv som kvesses, høybøra, angen av høy, hesjer, høysåter, lynet som råka han i skallen på veg med dagens siste bør - den og dagen blei hans aller siste høyløeleik, tunnellar i stikkande strå, sove i høyet, auge som klør, småbudeier i høyet, skjørt og tynne bluser, hopping i høy, luft- og annan akrobatikk - erotikk visste vi ikkje av moreld i sjøen, vabler i hendene, nymånesigd, eit hav av makrell, sløying av fisk, iltre terner, masete måsar, brattbakken heim, ange av bjørkeved og mjødurt - snart krøller makrellen seg i panna
NOMBO: FLATT HAV ? bratt opp stien frå Rasvåg forbi Kvilesteinen halvveges, utsynet frå Hummerås-bakken havet breier seg mektig frå Lista-fyren til Åna-Sira Skagerak støtt i rørsle, slett ikkje i ro mellom oss og den kurva horisonten ligg eit flatbrød av eit skjer knappast bryt det vassflata ei bordplate av eit berg bårekvitpakka i brot og brenning - - dei gamle seier, ved stille hav kan Nombo stigast iland eg seier, når sist såg du havet flatt - ved fjære sjø, ved flod - eg seier, kva natt hadde tanken slik ro - når miste gauken sitt ko-ko - når sist såg du hauken sat og lo -
ODRESTEINEN: RUGGESTEINEN gjennom barneauge sett, verdas største ruggestein store steinen, ein av fleire øydsla om seg av breen ein gong, siktmerke i isforma landskap som påvaksne gigantiske regnspylte solturka vindslipte frølause steinalderbrødskalkar store steinen, ei sterk hand ruggar han lett men for å klyve steinen krevst óg ein til å lyfte ustøe barneføter - - slik eg, kledd i kartlav over ukjende kystar eg stemner imot, skal la meg rugge, bere barnet på rygg, den dagen eg sjølv ikkje lenger kan ligge på blankskura berg og stire til sola skin hól i restane av ozonlaget og i solomnen rugar av himmelis ein ny ruggestein
TEIGETJØDNA vs. MIGAREN morgondisen seglande blant det grøne og kvite, vasslilja i blom varsame bryt vi vassflata, som var vi redde for nykken (men nykken skyr kalde kvite kroppar, er det ikkje så ?) bare kleggen let oss ikkje aleine, laugande i Teigetjødna - - til kvelden heller ein iskald styrt ved bekken, i Migaren